Kanadisk gitarfantom til Eidsbugarden
Kanadisk gitarfantom til Eidsbugarden
- kompletterar programmet på Store-Vinje
Jimmy Bowskill heiter han, den unge blues- og rockartisten frå Ontario i Canada. Laurdag 2. august tek han den lange turen over Atlanterhavet for å spele fletta av Vinjerock-publikummet.
Oppdaga av Jeff Healey
Jimmy Bowskill har enno ikkje rukke å bli eldre enn 17 år, men har allereie fleire album og mangfaldige prisar bak seg. Han byrja å spele gitar som ti-åring, og allereie året etter fekk han overbevist far sin til å køyre han ned til Jeff Healey sin klubb i downtown Toronto. Der stelte han seg utanfor og spelte gitar, og det gjekk ikkje lange tida før Healey kom ut og inviterte med seg den unge gitaristen in på jam.
Det var altså slik det heile byrja, og det gjekk ikkje lange tida etter dette før Jimmy hadde spelt inn sitt fyrste album med sine eigne låtar. Den gong som no er han tydeleg inspirert av bluesen, sjølv om det også har vorte mange rocka låtar etter kvart. Fram til i dag har det vorte tre album til, og det siste, ”Nine”, kom i mars i år til veldig gode kritikkar.
Fyrste gong i Skandinavia
The Jimmy Bowskill Band har turnert over heile Nord-Amerika og i Europa i fleire år, men har aldri vore i Skandinavia før. No blir det altså ei endring på det, for under årets Vinjerock skal bandet overbevise det fjellfriske rockepublikummet i Jotunheimen.
Programmet for Store-Vinje ser med dette slik ut:
Fredag 1. august: Alyn, Thom Hell, Animal Alpha, Kaizers Orchestra
Laurdag 2. august: Katzenjammer, Siluet (BG), Jimmy Bowskill (Can), Strandingarna, Valkyrien Allstars, The Snuff Grinders, Karl Seglem, Madrugada
For ytterlegare spørsmål/intervju, kontakt:
Eirik Høyme Rogn
Festivalsjef
Tlf. 971 09 903
E-post: eirik@vinjerock.no
Pressebilete: http://www.vinjerock.no/presse.asp?nid=493&lid=1



